| Stemmer frå nye røynder i nordisk samtidslitteratur
Af Ingeborg Kongslien
Den nordiske skjønnlitteraturen har i dei tre siste tiåra gradvis kome til å reflektere den fleirkulturelle røyndomen som er eit resultat av den nye innvandringa til Skandinavia. Forfattarar med tospråkleg og tokulturell bakgrunn utvidar og utfordrar den litterære kanon med sine tema og røyndomsreferansar der dei nettopp gir bilde frå si livsverd og tekstualiserer sine erfaringar. Migrasjon er dessutan eit globalt fenomen med eit transnasjonalt perspektiv. Når t.d. Amy Tan i USA og Hanif Kureishi i Storbritannia utformar høvesvis det kinesisk-amerikanske og det pakistansk-britiske litterære feltet frå sine perspektiv, har det parallellar i Skandinavia. Her skriv Rubén Palma (chilensk-dansk), Michael Konupek (tsjekkisk-norsk) og Theodor Kallifatides (gresk-svensk) bøker som tematiserer kulturmøte og søking etter identitet i det skandinaviske samfunnet.
I mange år oversåg Norge at det var eit „fleirsamfunn“ der nokre folkegrupper skilde seg frå ut frå den nasjonale einskapskulturen. Forsøka på å utradere dei særlege kulturuttrykka som desse gruppene representerte, lukkast i stor grad før den nye innvandringa tok til. Og nett då må ein igjen forhalde seg til det fleirkulturelle! No deltar både dei historiske minoritetane og dei nyare etniske minoritetane med sine marginalposisjonar i å skrive på nytt forteljinga om kva det betyr å vera norsk. Som den postkoloniale teoretikaren Homi Bhabha (The Location of Culture) hevdar, blir den moderne nasjonen nettopp nyskildra („rewritten“) av dei som held til på marginalen i eit samfunn. Dei utfordrar den tidlegare nasjonale forteljinga; dagens forteljing er hybrid og har det fleirkulturelle samfunnet som røyndomsreferanse. Det er ein del av desse storyane som til saman utgjer denne nye skandinaviske forteljinga eg skal opphalde meg ved.
Theodor Kallifatides har i sin store og mangslungne forfattarskap også framstillingar av kulturmøte, identitetssøking og språkbyte. I romanen Utlänningar (1970) gjeld det den unge greske mannens møte med Sverige, i romanen Det sista ljuset (1995) er det den middelaldrande mannen som reflekterer over tilværet etter å ha levd halve livet sitt i Sverige og særleg over „andregenerasjon“ som kjem i skvis mellom tradisjonen og den individuelle fridomen. Romanen har elles ei brei skildring av eit fleirkulturelt forstadssamfunn, og, ja, han har Rinkeby som arena for handlinga. I Ett nytt land utanför mitt fönster (2001, essay eller livsminne) reflekterer forfattaren over sin tokulturelle og tospråklege situasjon, finn at denne ber i seg både tap og vinning for individet, ei viss heimløysekjensle så vel som ein kreativ impuls, og seier avslutningsvis at „det finns stunder då jag känner en djup frid över att jag lärde mig älska något annat än det som var mig givet“ (s.154-55).
Når Michael Konupek i romanen I sin tid (1993) skildrar den unge mannen med sentraleuropeisk og politisk opposisjonell bakgrunn og hans møte med Norge, er det landet „hvor friheten ifølge sagnet er blitt så selvfølgelig at du bare møter tomme blikk når du nevner ordet“ (s.20). Boka er ei klassisk skildring av identitetssøking og gradvis integrering, presentert gjennom stadige tilbakeblikk til fortida og heimlandet i eit dobbetperspektiv som kontinuerlig vekslar mellom desse to posisjonane, dessutan med ein gjennomgripande ironi og med eit blikk frå sida på det norske samfunnet. Bildet av migranten som kjem utanfrå og kjenner seg i underlægje i strevet med å finne seg rom i det nye samfunnet, får her si særlege utformimg ved at perspektivet hans er frå ein sentraleuropeisk kultur med lange og rike tradisjonar, der Norge blir framstilt som eit kulturelt underlegent og usofistikert land med manglar som t.d. grunnar seg i at „det norske folk i sin tid ble snytt for opplevelsen av barokken“ (s.167). Når protagonisten etter ti til femten år har greidd å finne eit slags fotfeste i det norske samfunnet, ser han som si neste utfordring å skrive eit verk om eksilet, og han konkluderer på denne måten: „Hver gang han klarer å rive seg løs fra fortiden og drømmene, noe som ikke skjer veldig ofte, lever han i Norge. Han blir glad ved tanken.“ (s.238)
Den danske litteraturen er yngst når det gjeld representasjon av forfattarar med tospråkleg og tokulturell bakgrunn. Rubén Palmas bok Fra Lufthavn til Lufthavn – og andre innvandrerfortællinger (2001) reflekterer eksilet som undertittelen viser, står i spenninga mellom Santiago og København, samstundes som fokuset er på kvardagen og dei grunnleggjande menneskelege situasjonar.
Iransk-svenske Fateme Behros har med sine heller tradisjonelle realistiske romanar gjort innvandrarkvinnene synlege i dette litterære landskapet. Fångarnas kör (2001) framstiller ein kvinneleg frigjeringsgang, frå underordninga i eit arrangert ekteskap, gjennom både lykkelege og traumatiske opplevingar i det frie svenske samfunnet ho prøver å finne sin plass i og til eit slags nytt fotfeste som handlande individ. Prosessen er stegvis, formidla gjennom dobbelperspektivet og den klassiske dialogen mellom fortid og notid, her ein patriarkalsk tradisjonen m.a. representert ved farmors stemme og utfordringane i det å etablere seg som fri og sjølvstendig kvinne. Eg-forteljaren er i slutten av romanen alt i gang med å skrive bok der tittelen er klar; ho skal heite „Fångarnas kör“! (s.338)
Eg skal ikkje ta termen „innvandrarforfattar“ i min penn eller tast utan hermeteikn, sjølv om somme forskarar kan meine han er tenleg og media brukar han ureflektert. Men han er problematisk, for han er både for generaliserande og for innsnevrande, og dessutan sterkt mislikt av dei forfattarane han skulle gjelde for. Men det er som Gilbert Muller (New Strangers in Paradise. The Immigrant Experience and Contemporary American Fiction) uttrykkjer det, og heilt i tråd med Bhabha, nemleg at ein ser framveksten av forteljingar der ulike grupper stiller spørsmål ved og tvingar fram ein revisjon av dei nasjonale prosjekt (s. 233), og at desse forfattarane uttrykkjer si søking etter identitet og med det nyskildrar („rewrite“) kva det vil seia å vera amerikansk (s.3), dvs. i vår samanheng kva det vil seia å vera nordisk. Forteljingane i den nordiske samtidslitteraturen utforskar nye tema og introduserer nye røyndomsreferansar, diskursane som gjeld kulturmøte og dobbelperspektiv uttrykkjer identitetssøkinga og integreringsprosessen. Difor er desse forfattarane viktige nordiske samtidsrealistar, samstundes som dei er del av ei multikulturell og globalisert verd. Og det er storbyen og kanskje særleg forstaden som her er utfordringa også for litteraturen, både for migranten som forfattar og den etnisk nasjonale forfattar. To verk som svarar på denne utfordringa er den velkjende og feira eg-romanen Ett öga rött (2003) av Jonas Hassen Khemiri – han har eit litterært språk med ein del avvik frå standardsvensk – som gir stemme til ein generasjon og eit miljø, og det er er romanen Var det bra så? (1999) av ein forfattar med det heilsvenske namnet Lena Andersson som nettopp formidlar at det svenske „förortslivet“ er fleirkulturelt.
Ingeborg Kongslien er førsteamanuensis i norsk som andrespråk, Universitetet i Oslo
|