| Gripa - sleppa
Nomineret til Nordisk Råds Litteraturpris
Anna Hallberg
på era platser
Albert Bonniers Förlag. S
Af Helge Torvund
Den siste delen av den andre boka til Anna Hallberg har den Obstfelderske tittelen „Liv“, og er ei nær 50 siders diktsamling i seg sjølv. Ho handlar om noko så usannsynleg som eit standard offentleg svensk golv. Stramt, presist, og faktisk humoristisk og underhaldande skriv Hallberg om dette keisame og einsarta golvet som er under oss alle iblant.
Kva er det fine støvet her restar av? Kor skiten vil ein bli om ein gjekk berrføtt? Kva slags ord kan ein nytta for å gripa dei ulike eigenskapane ved golvet? Diktsidene glir over i kvarandre og vekslar mellom underfundige og eksistensielle spørsmål.
Mange byrjingar
„på era platser“ eller „Innta plassane“ som ei tolking kunne vore på norsk, får lesaren til å tenkja at her er det mange byrjingar. Den ungarske poeten Sándor Csóori seier: ”Dersom dikt vil visa oss noko, gjer dei det ikkje ved å visa oss noko overstått og avslutta, men ved å fanga vår vaknande interesse.” Dei andre dikta i boka gjev oss mange slike impulsar som vekkjer interesse. Ein nordmann kan nok få sine særnorske assosiasjonar til ein del av desse linjene og metodane. Til dømes finn eg visningar både til det mest kjende Stein Mehren diktet: „Jeg holder ditt hode“ (s. 25) og tittelen til ei samling av underteikna i teksten, nemleg „Kitty K.“ (s. 46).
Dei litt tilfeldige setningane frå kvardagens replikkvekslingar og dei meir absurde tinga som: „Ja, eller i öronen.“ og „Tror du man kommer ihåg att dra i det där snöret?“ får meg til å tenkja på den norske poeten Helge Rykkja. Hallberg skapar heile tida småpussige kontrastar og ei kjensle av gjenkjenning gjennom samansetningane av språk frå ulike kjelder.
I „plastpåsarna vid lekparken“, som er det mest eksperimentelle diktet, får eg meir ei kjensle av fortid, enn å gå inn i ukjent og nytt land. Det fascinerande med konkretismen på 60-talet og dei eg-lause dikta til Bengt Emil Johnson, var ikkje minst deira evne til å gjera lesaren medskapande. Problemet er at den lause formelle strukturen også kan enda i slappe og lite spennande verk som er for mykje prega av det tilfeldige.
Layout-effektar
Delane i denne boka er såpass ulike at boka spriker og ikkje heilt lykkast med å skapa ein heilskap. Det som likevel held boka saman, er kjensla av ulike plassar, som tittelen peiker på, og at alt er Hallbergs verk. Ikkje som eit dikt-eg, men som eit underliggjande språkmedvit og ein sensibel kjenslebakgrunn. Ho har nytta layout-effektar for å understreka spriket. Dei ulike titlane står i kursiv, halvfeit eller versalar. Ho nyttar i tillegg ulik storleik på skrifta for å skilja ut linjer og avsnitt. Alt dette gjev ein verknad av fragmentariske og glimtvise observasjonar og refleksjonar. Dei grip, og gjev slepp, går vidare. Dette høver godt til innhaldet som nettopp har sin styrke i ei spegling av vår kulturelle røynd, der graverande poetiske bilete med intim psykologisk bodskap, som „det ljusa hatet från pappas penis“, vekslar med totalt trivielle spørsmål „Måste man ha keps på sig när man jobbar här?“.
Det er heile tida ei veksling mellom det å visa kva språket kan gripa, og korleis me må sleppa forventningane for å få tak i det som skjer. Små absurdistiske fablar på prosa vekslar vidare med kokebokpåstandar: ”Olivolja är bra.”
Dette er i det heile ei bok ein les i, og ikkje gjennom. Ei bok ein vender attende til for å sjå om det faktisk var tilfelle at det stod akkurat det? Og ei bok som også har ein av dei viktigaste eigenskapane poesi kan ha: Ho får oss til å lytta til kva vanlege menneske verkeleg seier, og undra oss over det som vert skrive kring oss.
Helge Torvund er forfatter og lyrikkanmelder i Dagbladet
|